UVISS FRAMTID: Rådmann Wictor Juul opnar for at kommunen likevel beheld Veslefrikk barnehage, som stod ferdig i 1965, og gjer oppgraderingar og utvidingar her og ved Brakamoen barnehage, framfor å bygga ein splitter ny barnehage. (Foto: Karianne Eriksen)
UVISS FRAMTID: Rådmann Wictor Juul opnar for at kommunen likevel beheld Veslefrikk barnehage, som stod ferdig i 1965, og gjer oppgraderingar og utvidingar her og ved Brakamoen barnehage, framfor å bygga ein splitter ny barnehage. (Foto: Karianne Eriksen)

Lanserer nye barnehageforslag

Rådmannen trur det kan bli billegare å rusta opp to av barnehagane enn å bygga ein heilt ny.

– Eg lurer på om me kan finna billegare løysingar som kan sikra ein god barnehagedekning i Sauda, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.

Sauda kommune planlegg å bygga ein splitter ny barnehage, med fem avdelingar. Planen er å bygga denne i Åbøbyen, men motsegn frå Fylkesmannen i Rogaland har forseinka planarbeidet. Førebels er det ikkje fatta eit byggevedtak i saka, men politiske signal har tyda på at dette er noko saudapolitikarane truleg vil gå inn for når dei får saka på sitt bord seinare i år. Med prosjektmidlar på 1,5 millionar kroner, ni millionar kroner i 2014-budsjettet og 24 millionar kroner i 2015-budsjettet vil ein ny barnehage kunna kosta Sauda kommune nær 35 millionar kroner. I desse planane ligg det inne eit forslag om å legga ned Veslefrikk barnehage når den nye eventuelt står ferdig.

Nå lanserer rådmann Wictor Juul mulege alternative barnehageplanar. Framfor formannskapspolitikarane spekulerte han i om det lar seg gjera å utvida Brakamoen barnehage på Andersengja ved å ta i bruk nedlagde Birkeland skule, som politikarane rett nok har vedtatt skal selgast. Rådmannen ser også føre seg at ein må sjå på om ein kan rehabilitera Veslefrikk barnehage i Åbøbyen. Ifølge Juul er det ikkje umuleg at desse utvidingane kan kosta halvparten av det ein ny barnehage vil kosta.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her