*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SA OPP: Ein lege valde å gå frå stillinga si denne veka, noko som skapte ekstra utfordringar for tilsette og pasientar ved legesenteret. (Arkivfoto)

Lege slutta på dagen

Ny utfordringar ved Sauda legesenter.

– Eg kan stadfesta at den namngitte personen du viser til ikkje lenger jobbar i Sauda kommune. Vedkommande har sagt opp stillinga si og har ikkje lenger eit arbeidsforhold hos oss, seier rådmann Wictor Juul.

Etter det Ryfylke kjenner til er legen same person som i sist veke blei meldt til politiet av ei saudakvinne.

Verken det lokale politiet eller påtalemakta ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ønsker å uttala seg detaljertom saka. Lensmann i Suldal, Siri Fisketjøn Indrebø stadfestar at saka er under etterforsking.

– Me har gjort eit rekke avhøyr dei siste dagane for å belysa saka. Elles jobbar me vidare med saka, seier Fisketjøn Indrebø, og legg til at saka har høg prioritering hos politiet.

For to veker sidan starta to nye legevikarar som skal jobba ved legesenteret heilt til utgangen av juli.

Dei to nye vikarlegane, Lene Holt Andersen og Maja Kjer Nielsen, kjem begge frå Danmark. Desse dokterane tar over dei 1 200 pasientane som stod på lista til legen som nå har slutta.

– Det skal ikkje vera lenger ventetid hos desse enn hos dei andre legane ved legesenteret, forsikrar Tveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her