Redda ned frå fjellet

Kvinnhering i nød på Breiborg.

Sigurd Næss er full av lovord over folka frå Sauda Røde Kors hjelpekorps og ambulansetenesta. I det han karakteriserer som eit forrykande uvêr henta hjelpemannskapa han sundag kveld ned frå Litlastølstjørn, i nærleiken av Breiborg.

– Eg hadde eit falluhell der eg fekk eit kraftig slag og kutt i hovudet. Trur hjelpemannskapet balte i to timar i eit forferdeleg vêr, fortel kvinnheringen.

Næss hamna til slutt på sjukehuset i Haugesund, og no vil han gjerne gi ros til dei som la ned så mykje strev for å få han dit.

– Me skal vera glade for at me har nokon som bidreg slik med mellom anna frivilig innsats, skryt Sigurd Næss.