Styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal har dei siste dagane vore i USA for å delta under Arnold Schwarzenegger sitt store arrangement, The Arnold Sport Festival.
– Ho løfta 212,5 kilo i andreløftet og hadde då sikra seg både gull i benkpress og tittelen «Beste utøvar». Då hadde ho ingenting å tapa på å prøva seg på ein ny verdsrekord, seier Irene Hugdal, mor til Hildeborg Juvet Hugdal.
Tredjeløftet på 220 kilo blei godkjent – og Juvet Hugdal sette nok ein ny verdsrekord i spesialgreina si, benkpress.
Løftet sundag ettermiddag var altså på 220 kilo – to kilo meir enn hennar eigen verdsrekord frå VM-konkurransen i Stavanger i november.
Også i fjor deltok saudabuen i The Arnold Sport Festival. Då løfta ho 206,5 kilo – ein halv kilo meir enn verdsrekorden ho sette i august året før.
Benkpress er for øvrig den einaste øvinga Juvet Hugdal har konkurrert i under styrkeløftfestivalen.
Les meir i papirutgåva komande tysdag. Same dag kan du også laste ned eavisa her og lesa meir om verdsrekorden.