Advarer mot sykkeltjuvar

Fire dyre syklar stolne natt til tysdag.

– Me oppfordrar folk til å låsa syklane sine, og aller helst ha dei innandørs om nettene, seier politistudent ved Sauda lensmannskontor, Kristian Berg Rygvold.

Fire syklar skal ha blitt stolne frå ulike stader i Sauda natt til tysdag.

Politiet har mistanke til at tjuvane er spesielt på jakt etter dyre syklar. Kanskje kan det dreia seg om omreisande sykkeltjuvar.

– Det verkar som at dei er mest opptatt av dyre, flotte syklar. Vanlege syklar får stå, påpeikar Berg Rygvold.

Ifølge politistudenten skal nokre av tjuveria ha skjedd i området rundt Brekke.

– Viss nokon har sett noko mistenkeleg i dette området natt til tysdag er me glade for tips, seier han.