Legen, som er førtiåra, fekk først godkjent norsk autorisasjon 13. januar 2014. Inntil då hadde han jobba som fastlege ved Sauda legesenter i nær tre og ein halv månad utan løyve til å praktisera som lege i Norge. Autorisasjonen han fekk i januar i år gir han full rekvisisjonsrett heilt fram til 2047, når han då aldersmessig passerer den norske autorisasjonsgrensa på 75 år.
Mannen blei tilsett i Sauda kommune i fjor haust og starta i arbeidet ved legesenteret 1. oktober. Kommuneleiinga har heile tida vore overbevist om at mannen har hatt den norske autorisasjonen i orden. Då legen blei mistenkt for å ha vore rusa på vakt i slutten av november 2013 blei det gjort ein ekstra sjekk rundt autorisasjonen hans. Her skal kommunen ha fått oppgitt frå Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell at personen med namnet dei oppgav hadde norsk autorisasjon.
Men, etter at Ryfylke har sjekka saka grundigare viser det seg at vedkommande som jobba ved legesenteret i Sauda har ein namnebror – som også er lege. Denne legen, som også har eit mellomnamn, er derimot ein 72 år gammal pensjonert dokter. Han fekk den norske autorisasjonen sin 25. juni 1997 og har full rekvisisjonsrett til 4. desember 2017. Om denne legen har blitt forveksla med den tretti år yngre saudalegen er noko uklart. Kommunen påstår at «deira» lege hadde autorisasjon då dei sjekka i desember. Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell seier legen fekk sin første norske autorisasjon først 13. januar i år.
– Her har det heilt klart vore ein dårleg kvalitetssjekk frå kommunen si side, seier Terje Høgberg, fungerande pressekontakt hos det statlege autorisasjonskontoret.
Han oppfordrar Sauda kommune til å betra rutinane sine knytt til tilsetting av helsepersonell.
Den aktuelle legen er tidlegare valdsdømt i Norge.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her