*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
JA – MED ATTERHALD: Arbeidarpartiet Mette Seim og Kristeleg Folkepartiss Bernt Egil Strømme stemte ja til påbygging av Austarheim skule under formannskapet onsdag. Begge presiserer at synet deira kan endra seg fram mot kommunestyret si behandling av saka i april. (Foto: Ingvil Bakka)

Går inn for påbygg

Formannskapet vil ikkje kludra med skulekretsane og ønsker heller ei utbygging av Austarheim skule.

– Det beste alternativet akkurat nå. Det er bare få år sidan me hadde ein gjennomgang av skulestrukturen og me føler det blir feil å begynna å endra på dette nå, seier Arbeidarpartiets Mette Seim.

Onsdag gjekk Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet sine formannskapsmedlemmer inn for å bygga på Austarheim skule i samband med plassutfordringane skulen vil få det komande skuleåret. Å endra på kretsgrenser eller å flytta på elevar blei av dei ikkje sett på som gode løysingar.

– Alternativ 4 er det einaste reelle alternativet. Det er ein liten bismak med kostnadane, men hensyn til ungane må gå først, sa Eirik Birkeland frå Senterpartiet.

Mette Seim seier til Ryfylke at ho ikkje trur plassutfordringane ved Austarheim skule blir mindre med det første.

– Nå har me nettopp lagt eit nytt byggefelt til Andreasmoen. Då blir dei feil signal å begynna å tukla med kretsgrenser og flytta på elevar, seier ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her