– Me vurderer også om me skal gå inn i strafferegisteret når me skal tilsetta folk, seier Wictor Juul, rådmann i Sauda kommune.
Legen som var tilsett ved Sauda legesenter i nær fem månader var tidlegare straffedømt for grov vald mot ein sambuar.
Ein ny hovudregel seier dessutan at kommunelegen skal vera med i alle tilsettingar av legar. I tillegg skal minst to personar kontrollera autorisasjonen til helsepersonell som blir tilsett i kommunen. Kommuneleiinga har nå sett i gang ein storstilt kontroll av autorisasjonar knytt til alt helsepersonellet sitt. Også politiattestane til alle som jobbar med barn og unge blir sjekka ut.
Rådmannen etterlyser nå ein varslarkultur i kommunen. Han innrømmer at det kan sjå ut som at nokre kommunetilsette har sete på viktig informasjon i ”lege-saka” utan å melda frå til leiinga.