Suldølene bestemmer seg i kveld

Suldal kommunestyre seier i dag eit endeleg ja eller nei til felles legevakt.

Skal Suldal kommune legga ned si eiga legevakt og delta i legevakt i Ølen saman med Sauda, Etne og Vindafjord kommunar? Dette spørsmålet skal Suldal kommunestyre seia eit endeleg ja eller nei til i kveld, tysdag.

Tilrådinga frå administrasjonen er at suldalspolitikarane seier ja til ei felles legevakt i Ølen med oppstart i løpet av 2015. Vert dette vedteke i kommunestyret, vil rådmannen, ifølge tilrådinga, verta bedt om å avklara med Odda kommune om innbyggarane i Øvre Suldal kan dra til legevakta i Odda. Rådmannen vil óg verta bedt om å arbeida for at legekontoret på Sand kan ha ope til klokka 17.00 eller 18.00 på kvardagar.

I framlegget til vedtak er det vidare mellom anna eit punkt som seier at Suldal kommune legg ned tilbodet om øyeblikkeleg hjelp-senger og deltek i eit felles tilbod i Ølen når legevakta er starta opp.

I punkt fem i framlegget til vedtak vert det sett som ein føresetnad at alle dei fire omtala kommunane sluttar seg til ei felles legevakt og øyeblikkeleg hjelp-senger i Ølen.