ENGASJERT I SAKA: Advokat John Christian Elden meiner legen og saudakvinna har hatt eit lege-pasient-forhold. (Foto: Moment Studio)
ENGASJERT I SAKA: Advokat John Christian Elden meiner legen og saudakvinna har hatt eit lege-pasient-forhold. (Foto: Moment Studio)

Vurderer søksmål

Advokatane John Christian Elden og Linda Eide meiner legen misbrukte stillinga si då han innleia eit forhold til saudakvinna.

– Han tok kontakt med henne etter at ho hadde vore der som pasient og ønska å involvera henne i eit intimt forhold. Eg antar derfor at det vil vera aktuelt å utvida ein eventuell straffetiltale til å også gjelda misbruk av stilling, seier advokat John Christian Elden, som bistår saudakvinna som 19. februar meldte legen til politiet.

Advokat Linda Eide ved Advokatformaet Elden, som også er engasjert i saka, fortel at saudakvinna har vore gjennom ei stor påkjenning dei siste månadene og at dette har hatt innverknad på hennar og familien hennar sitt daglege liv.

– Ho har vore redd for å ikkje bli tatt på alvor, men føler nå at dei avsløringane som Ryfylke har kome med kan bidra til å styrka saka hennar, seier advokaten.

Advokatane vurderer nå eit eventuelt saksframlegg mot Sauda kommune. Førebels avventar dei kommunen sine forklaringar på det som skjedde, før dei eventuelt saman med saudakvinna vurderer eit søksmål.

– Me meiner at overgrepa og dei handlingane som legen har gjort mot vår klient har han gjort i eigenskap av å vera lege. Då vil me vurdera om kommunen bør stå til ansvar for nokre av handlingane hans. Me meiner at når kommunen erkjenner at dei har tilsett ein person utan nødvendig autorisasjon er det klart at dei har eit ansvar her, seier Eide.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her