– Me blir nok oppfatta som litt ”kleine” på jobb for tida. Spesielt i dag, då me troppa opp med dei nye FN-genserane våre, seier Lisa Stornes, som saman med lærarkollega Irene Helle Hauge skal til New York og besøka FN i begynnelsen av april.
Sauda vidaregåande skule er ein av åtte utvalde norske skular som i vår får senda to av sine lærarar på FN-sambandet sin studietur til den amerikanske storbyen. Skulen og dei to på førehand utvalte lærarane, Helle Hauge og Stornes, sendte søknadane sine tidleg i fjor haust og fekk positivt svar i november. Fredag 4. april er avreisedatoen, og alt sundag 6. april startar det offisielle programmet med tur til Ellis Island.
Deretter skal lærarane få observera den norske FN-delegasjonen og arbeidet i FN i ei heil arbeidsveke. Lærarane, som skal bu i gangavstand til FN-bygningen på Manhattan, får delegasjonspass og har med det adgang til rom og møtesalar i heile FN-bygningen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her