– Nå startar me salet og då vil me finna ut kva type klokker folk helst vil ha, håpar dagleg leiar i bedrifta, Ragnvald Selvik.
Ved Sauda ungdomsskule kan elevar velga valfaget Produksjon og marknadsføring. Seks elevar i åttande klasse utgjer bedrifta Heimalaga vaflar og leverer vaflar til fleire saudabedrifter kvar fredag. Dei fem jamgamle gutane i elevbedrifta Ungt metall og treindustri har derimot spesialisert seg på klokkeproduksjon.
Heilt sidan skulestart i fjor haust har gutane jobba med å etablera ei skikkeleg produksjonsbedrift. Først måtte dei ha ein forretningsidé, og finna ut kva dei ville produsera og selga. Deretter måtte elvevane gjera ei marknadsundersøking for å sjekka om det er etterspørsel etter produktet dei vil satsa på. Dei siste månadene har dei jobba med å produsera ulike klokkevariantar. Gutane teiknar klokkene – og læraren deira, Jan-Ove Teig, bruker maskinane i sløydsalen til å skjera ut sjølve ”klokkebakstykket” i tre.
Elevane pussar og måler trestykket, før dei monterer på tal, visarar og batteriboks.
– Folk kan komma med ønske. Me lager klokker på bestilling også, påpeikar Ragnvald Selvik.
Les meir i papirutgåva eller last end eavis her