*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
AKTIV MOTSTANDAR: Suldalslegen Bjarne Bråtveit var mellom dei som tok ordet under informasjonsmøtet i kinosalen tysdag. Han meiner det er eit ok alternativ med lokal legevakt til klokka 22/23 – og at sentralen i Ølen tar seg av nattevaktene. (Foto: Ingvil Bakka)

Tre alternativ – millionar i forskjell

Det skil 5,5 millionar kroner mellom Ølen-alternativet og ei forsvarleg drift av ei eiga legevakt i Sauda.

– Viss Sauda skal drifta ei legevakt, i tråd med akuttforskrifta, vil det kosta oss sju millionar kroner meir enn i dag – viss akuttforskrifta blir vedtatt, vel å merke, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.

Tysdag ettermiddag la han fram dei ulike legevaktalternativa for ein halvfull kinosal, etter at Agenda Kaupangs Rune Holbæk først hadde informert om resultata av ROS-analysane.

Rådmannen har alt levert si innstilling til formannskapet, og forklarte publikum kvifor han går inn for eit interkomunalt helsesamarbeid med ei felles legevakt i Ølen.

– Viss me skal drifta ei eiga legevakt i Sauda vil me trenga mellom tre og fire ekstra legestillingar og fleire sjukepleiarstillingar for å oppfylla krava i akuttforskrifta. Problemet er at me då dimensjonerer for eit behov som ikkje er tilstades, forklarte Juul om det eventuelle sju millionarsprosjektet.

Eit anna alternativ som er blitt undersøkt er å drifta ei lokal legevakt i Sauda fram til klokka 23.00 om kvelden som legevakt på stasjon og med heimevakt frå klokka 23. Med ei slik vaktordning vil Sauda trenga to fleire legar og to-tre fleire sjukepleiarar. Ifølge Juul vil dette kosta Sauda 4,5 millionar kroner meir enn kva det kostar å drifta legevakta i dag. Han opplyser elles at denne ordninga tar hensyn til fleire av risikoområda som kjem fram i ROS-analysen som er gjort.

Ølen-alternativet inneber at legane i Sauda har bakvakt fram til klokka 18.30 om kvelden og at legevakta i Ølen har vaktansvaret resten av kvelden og natta . I tillegg til bakvaktordninga ser rådmannen føre seg ei rekke avbøtande tiltak for å betra beredskapen i Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her