*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPNAR: I morgon, laurdag, opnar Apotek 1 sitt splitter nye saudaapotek, midt i sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil legga ned apotekdrifta i Sauda

Boots apotek søker om å starta eit medisinutsal – underlagt filialen på Sand.

– Dette protesterer me på. Me meiner at det må finnast måtar å løysa dette på. Eit medisinutsal gir dårlegare tilgjenge for innbyggarane og kan medføra ein dag ventetid på viktige medisinar, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal.

Verken han eller kommuneleiinga blei kontakta om søknaden frå Boots før dei blei varsla om planane i eit brev frå Statens legemiddeltilsyn.

Apotekkjeda Boots har igjen varsla Statens legemiddelverk om at dei vil seia frå seg apotekkonsesjonen dei har i Sauda. Boots søkte også i desember 2012 om om å få avkall på apotekkonsensjonen sin, men fekk då avslag frå legemiddelverket, som påla dei å driva apoteket i inntil eitt år. Selskapet har lenge slitt med å drifta saudaapoteket sitt.

Apotekarstillinga og farmasøytstillinga er, ifølge Boots, lyst ut, utan at dette har gitt resultat. Som ei kriseløysing har det blitt leigt inn to svenske farmasøytar, og apoteket har kun hatt ope på kvardagar. Den leiande farmasøytvikaren sluttar nå for å venda tilbake til jobben sin i Sverige, medan den andre vikaren også har varsla at hennar arbeidsopphald i Sauda går mot slutten.

I brevet apotekkjeda har sendt til Statens legemiddelverk blir rekrutteringsproblemet lagt fram som den viktigaste grunnen til at dei nå søker om avkall på apotekkonsensesjonen sin i Sauda.

– Me imøtegår alle argumenta til Boots i eit brev som me i dag, fredag, sender til Statens legemiddelverk, kommenterer dokter Omdal.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her