Ivar Tangeraas, Laila Stødle
NEI: Etter at Sauda Høgre hadde gruppemøte i går, måndag, er det klart at Ivar Tangeraas og Laila Stødle vil stemma nei til ei interkommunal legevakt i Ølen. (Arkivfoto)

Høgre har bestemt seg

Seier nei til felles legevakt i Ølen.

– Den viktigaste grunnen til standpunktet vårt er den reelle og følte tryggheten for saudabuen, seier Ivar Tangeraas, gruppeleiar for Sauda Høgre.

I går, måndag, hadde lokalpartiet gruppemøte der dei diskuterte legevaktsaka. Ifølge Tangeraas enda diskusjonane med eit så godt som unisont nei til ei felles legevakt i Ølen saman med Suldal, Etne og Vindafjord kommunar.

Tangeraas vedgår at han lenge har vore usikker på standpunktet sitt i legevaktsaka.

– Eg bestemte meg først etter informasjonsmøtet sist tysdag. Same kveld skulle eg til Stavanger og på veg utover mot Ølen begynte eg å tenka på at det er langs denne vegen me skal senda våre sjuke innbyggarar. Eg fekk det klart føre meg at dette vil eg ikkje vera med på, seier Tangeraas.

Han meiner også at ei eventuell utflytting av den lokale legevakta til ein større sentral i Ølen sender ut dårlege signal til omverda.

– At me ikkje greier å drifta ei eiga legevakt er eit dårleg signal og ei dårleg marknadsføring av bygda vår. Alt arbeidet me legg ned for å få folk til å flytta hit vil bli påverka, meiner høgrepolitikaren.

Han innrømmer at også ei eventuell lokal legevakt kan gi auka utgifter for Sauda kommune.

– Det vil kosta pengar uansett kva me gjer. Men eg er heilt overbevist om at me kan få det til, innanfor rimelighetens grenser. Eg trur dette handlar vel så mykje om rett organisering som om pengar, seier Ivar Tangeaas, gruppeleiar for Sauda Høgre.

Høgre har to representantar i formannskapet; Ivar Tangeraas og Laila Stødle. I kommunestyret har dei fire representantar: Tangeraas, Stødle, Knut Atle Seim og Kathrine Skorpe.

I morgon skal Sauda formannskap behandla legevakt-saka.

Følg saka på nettsida til Ryfylke.