JA ELLER NEI: Arbeidarpartiordførar Frode Sulen (til venstre) og  Høgres Ivar Tangeraas har bestemt seg. I morgon onsdag, får me svaret på kva formannskapet meiner i legevaktsaka. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
JA ELLER NEI: Arbeidarpartiordførar Frode Sulen (til venstre) og Høgres Ivar Tangeraas har bestemt seg. I morgon onsdag, får me svaret på kva formannskapet meiner i legevaktsaka. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ja eller nei – tid for legevaktavgjerd

Dei lokale partia er delte i legevaktsaka.

– Eg har mi oppfatting i saka. Eg kjem til å anbefala mine partifeller å seia nei til samarbeidet, seier Høgres Ivar Tangeraas.

Politikarane har så langt halde korta tett til brystet, men i morgon, onsdag, vil formannskapet signalisera kva veg det går i legevakt-saka.

– Så langt har ingen meldt forfall. Det betyr at alle dei faste formannskapsmedlemmene møter i morgon, onsdag, seier formannskapssekretær Solfrid Handeland.

Ordførar Frode Sulen, som lenge har signalisert at han heller mot eit ja til eit interkommunalt legevaktsamarbeid, har også bestemt seg.

– Men eg vil ikkje seia kva det er eller kva dei andre arbeidarpartipolitikarane vil stemma, seier Sulen.

Både Kristeleg Folkepartis Bernt Egil Strømme og Senterpartiets Eirik Birkeland vedgår at dei er svært usikker. Birkeland har tidlegare etterlyst ei utgreiing av korleis ein eventuelt kan drifta ei lokal legevakt i Sauda, men føler at han ikkje har fått alle svara han treng.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her