Pressar på SR-Bank

Ryfylke IKS ber om at lokalkontora i Sauda og på Forsand blir bevart.

Det interkommunale selskapet Ryfylke IKS engasjerer seg i Sparebank 1 SR-Bank sine planar om å legga ned bankfilialane i Sauda og på Forsand.

– Me kan forstå at SR-Bank med fleire, tilpassar sitt tenestetilbod til ny teknologi og endringar i både bruk og behov og at talet på filialar vert redusert i kommunar og byområde kor det er fleire filialar i utgangspunktet. Me kan ikkje forstå at SR-Bank fjernar tilbodet heilt i to av våre medlemskommunar. Spesielt alvorleg er dette for bankens kundar i Sauda, som får svært lang veg til næraste kontor. Saudasamfunnet får med dette eit svakare bantilbod med svekka konkurranse når ein av to lokale aktørar forsvinn, skriv Ryfylke IKS sin regionutviklar, Geir Ims, i uttalen frå selskapet.

Ryfylke IKS fraråder banken sterkt å legga ned dei to filialane.

– Tenk på den negative omdømmeeffekten det vil ha om vår største regionbank forlet innbyggarar og næringsliv i to kommunar og tenk på den positive effekten om banken vel å oppretthalde dei lokale avdelingane, skriv Ims.

Også Sauda Vekst har laga ein uttale om banknedlegginga i Sauda.

– Me ønsker at banken revurderer forslaget om nedlegging og går i dialog med saudasamfunnet om kva som skal til for ei fortsatt satsing i Sauda, heiter det i uttalen, som er signert av dagleg leiar Inge Løyning.

Truleg vil også omstillingsstyret, LO og Sauda formannskap komma med uttalar om saka.

Uttalane er stila til representantskapet i Sparebanken 1 SR-Bank, som skal ha møte om den planlagde banknedskjeringane komande torsdag.