ELDSJEL: Sauda formannskap har tildelt årets Eldsjelpris til turmerkingsspesialisten Oddvar Årthun. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
ELDSJEL: Sauda formannskap har tildelt årets Eldsjelpris til turmerkingsspesialisten Oddvar Årthun. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Oddvar Årthun får eldsjelprisen

Heidra for sitt mangeårige arbeid med turmerking i saudafjella.

– Det var jammen ikkje verst. Kjempeflott å bli sett pris på, seier Oddvar Årthun.

I dag, onsdag, bestemte Sauda formannskap seg for å gi han Eldsjelprisen.

59-åringen får prisen for sitt mangeårige arbeid med å merka turløyper i Saudafjella. Arbeidet hans med å tilrettelegga Brekkeheia og Rondehaugen for turgåing for både fastbuande og turistar blei særleg trekt fram.

Ifølge Årthun sjølv har han laga og sett ut 1 200 – 1 400 skilt i ulike dalføre i Sauda. Han har til og med sett opp eit humoristisk skilt på Ropeid – og han har sett opp skilt på sjølvaste Puerto Rico.

Årthun, som onsdag var på hytta si i fjellet, hadde ikkje muleghet til å komma ned på Rådhuset for å motta blomar og heider. Prisen blir offisielt delt ut på 17. mai.

Les meir i papirutgåva fredag.