– Nå har me saudabuar vist kva me meiner. Nå håper eg at de politikarar tenker på dette når de i morgon skal behandla saka, sa Mette Steen Nordbø, som tok initiativ til legevakt-demonstrasjonen i Sauda sentrum i dag, tysdag ettermiddag.
Godt over tusen personar hadde møtt opp i sentrum for å visa sitt engasjement i legevakt-saka. Demonstrantane gjekk først i tog frå Bankplassen, opp Skulegata, inn i Brugata og opp til Rådhusplassen, der dei samla seg framfor Rådhuset, staden der det heile kan avgjerast i kommunestyremøtet i morgon.
Etter at Terje Risvoll og Bjarne Bråtveit hadde halde flammande appellar, var det mange saudabuar, både innfødte og tilflyttarar, som ytra si sterke meining i saka og sin kjensleladde frykt for framtida dersom legevakta blir lagt til Ølen.
Per i går, måndag, var det fjorten politikarar som hadde bestemt seg i saka. Seks av desse, alle frå Arbeidarpartiet, har sagt at de vil gå inn for Ølen-alternativet. Åtte politikarar har bestemt seg for å seia nei til det interkommunale helsesamarbeidet og felles legevakt i Ølen. Fem av dei nitten kommunestyrerepresentantane som skal møta i morgon hadde då ikkje bestemt seg.
Politikarane si avgjerd vil bli lagt ut både på nettsida og på Facebook-sida til Ryfylke umiddelbart etter at politikarane har stemt.