*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STATUS: Åtte politikarar vil ha lokal legevakt i Sauda, seks seier dei vil stemma ja til legevaktalternativet i Ølen. Fem politikarar, av dei tre frå Arbeidarpartiet, ein frå KrF og ein frå V, har ennå ikkje bestemt seg. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ja eller nei – det er spørsmålet

Fem av politikarane hadde i går, måndag, ennå ikkje bestemt seg.

– Eg føler trykket. Eg har fått mange telefonoppringingar dei siste dagane, vedgår Bernt Egil Strømme.

Kristeleg Folkeparti-politikaren stemte ja då formannskapet behandla helsesamarbeid-saka, men presiserte då at synet hans kan endra seg fram mot kommunestyremøtet. Partiet skal ha sitt siste og avgjerande møte om saka i kveld, tysdag.

I morgon, onsdag, skal Sauda kommunestyre behandla saka ”Interkommunalt helsesamarbeid”. I samarbeidet ligg blant anna planane om legga ned den døgnkontinuerlege legevakta i Sauda, og at kommunen blir med på å etablera ein felles legevaktsentral i Ølen. Dei tre formannskapsmedlemmene til Arbeidarpartiet, Frode Sulen, Laura Seltveit og Wenche Hoftun, stemte i formannskapsmøtet sist onsdag for helsesamarbeidet og legevaktflyttinga. Partiet har ni representantar i kommunestyret.

Egil Bakke, Aud Jorunn Nymark og Wenche Pleym har stadfesta overfor Ryfylke at også dei har bestemt seg for å stemma ja til helsesamarbeidet. Asle Rafdal, Anja Røyrøy Pettersen og Mette Seim ønska å bli plassert i ”usikker”-boksen.

Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti sine til saman åtte representantar har derimot signalisert at dei ønsker ei lokal legevakt i Sauda og at dei derfor vil stemma nei til planane.

– Me hadde medlemsmøte sundag og greidde ikkje å bli enige. Me måtte til slutt avgjera det heile ved avstemming. Nei-fleirtalet vann, og eg vil derfor stemma nei, forklarer Eli-Jorun Tangeraas, Sosialistisk Venstreparti sitt eine kommunestyremedlem.

Ved Ryfylke si opptelling i går, måndag, hadde ja-sida seks stemmer, alle frå Arbeidarpartiet. Nei-sida leia førebels med sine åtte stemmer frå Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti. Dermed aukar presset på dei fem usikre politikarane, som nå får heilt avgjerande nøkkelroller når dei 19 kommunestyrerepresentantane skal stemma over saka i morgon, onsdag.

Sjå oversikta over kven som har bestemt seg for kva i papirutgåva – eller last ned eavis her