Sauda kommune diskuterte i dag, onsdag, sin høyringsuttale knytt til reservasjonsrett for legar.
Rådmann Wictor Juul la fram forslag om at kommunen ikkje ønsker endringane i helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettighetslova og fastlegeforskrifta som er foreslått i høyringsnotatet frå helse- og omsorgsdepartementet.
Forslaget blei vedtatt mot stemmen til Kristeleg Folkepartis Bernt Egil Strømme.