SeaKing på testflyging

Ingen leiteaksjon – bare trening.

I dag, tysdag, har eit SeaKing-helikopter sveipa over Sauda, både på land og over sjøen.

Men telefonvakta ved Hovudredningssentralen på Sola forsikrar at det ikkje er noko alvorleg på gang.

– Ingen leiteaksjon, nei. Bare vanlig testflying, som me gjennomfører av og til, får Ryfylke opplyst.