*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OPNAR: I morgon, laurdag, opnar Apotek 1 sitt splitter nye saudaapotek, midt i sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Avviklar apoteket – opnar medisinutsal

Heilomvending hos legemiddelverket.

Etter det Ryfylke kjenner til skal Boots ha klaga på at Statens legemiddelverk ikkje heldt svarfristen då apotekkjeda søkte om avkall på sin apotekkonsesjon i Sauda. Klagen førte til at legemiddelverket vurderte saka på nytt – og gjorde altså då heilomvending i saka.

Boots fekk klarsignal frå legemiddelverket i eit brev i dag, torsdag morgon.

Boots Norge AS avviklar dermed Sauda apotek alt frå og med komande måndag. Lokala blir stengt inntil vidare, før Boots opnar sitt planlagde medisinutsal. Utan apotek i bygda må saudabuen få e-reseptane sine ekspedert ved apoteket på Sand, som vil sørga for utlevering i medisinutsal-lokala i Sauda.

For Boots sin del er denne ordninga permanent.

– Me meiner ei slik løysing er ei føreseieleg og trygg løysing for saudabuen. Alternativet er ei uviss ordning med eit apotek som tidvis må stengast, seier Anne-Kristin B. Bjåen, direktør for kvalitet og prosesstyring i Boots.

Apoteket på Sand er informert om utviklinga av situasjonen i Sauda.

Boots har nå fleire hastemøte og jobbar med å få fortgang i etableringa av medisinutsalet.

– I Sauda har Boots hatt flinke og kunnskapsrike tilsette, som nå vil bemanna medisinutsalet vårt, seier Bjåen.

Les meir i papirutgåva i morgon, fredag.