– Me tar saka svært alvorleg og har sendt funna inn til DNA- og fingeravtrykktesting, seier politioverbetjent Thomas Breivik.
Ein gong første helga i februar i år brann eit par mål med skog i området mellom Lona og avkjørsla til Fiveland. Ingen skal ha sett brannen, som mest truleg slokna av seg sjølv, og bare svartsvidd skog og skogbotn vitna om at flammane hadde herja i terrenget. Tysdag denne veka brann det igjen, i same område – bare på andre sida av bilvegen. Brannen blei varsla i 18.00-tida. Til alt hell var brannvesenet på Birkeland på øving då meldinga kom, og kom derfor raskt til og fekk sløkt flammane med eit par tusen liter vatn dei hadde i bilane sine. Også brannvesenet klør seg i hovudet av dei mystiske skogbrannane.
– Me har ingen logisk forklaring på kvifor det har begynt å brenna her, seier brannsjef i Sauda kommune, Harald Eikrem.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.