*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STARTAR MED DEKK: Marceli Jozef Zak, mannen bak firmaet MZak, utvider butikken til å inkludere dekk etter at FD Tuning har lagt ned.

Utvidar tilboda

Karosseri- og lakkeringsfirmaet MZak er no klar til óg å ta seg av dekk-operasjonar.

Midt i at nokre verksemder og tilbod forsvinn frå Sauda, er det andre som satsar på framtida her.

Marceli Jozef Zak opna for tre år sidan billakkeringsverkstaden MZak på industriområdet på Birkelandsmoen. Etter at FD Tuning meldte at dei la ned, har Zak no utvida eigen butikk med flunkande nytt utstyr, og er klar til å ta seg av alt som har med bildekk å gjere.

– Eg har fått i stand ein god avtale for nye dekk frå ein forhandlar i Haugesund, og vil framover både kunne ha tilbod på dekk, skifte dei og ha dekkhotell her, opplyser han.

Zak understrekar at han ikkje vil ta marknaden frå nokre av dei andre verkstadene i byen.

– Eg ville ikkje tilby dekkservice medan FD Tuning framleis var i drift, og min verkstad skal heller fungere som eit tilskot til det Esso kan gjere. Eg er oppteken av at dette ikkje berre skal handle om business, men at det skal vere eit tilbod til folk der det er behov. At det er godt for saudabuen å ha denne servicen i heimbygda så dei slepp å reise så langt, seier han audmjukt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.