– Både under utdanninga mi og då eg jobba i Ungarn var eg ofte i kontakt med norske legestudentar, som snakka varmt om heimlandet sitt. Eg har lenge hatt lyst til å komma til Norge for å jobba, seier dokter Kamyar Ghajarzadeh.
1. april år starta han i ny jobb, som tilsynslege ved Sauda distriktsmedisinske senter (DMS). Jobben er ei full stilling, der 60 prosent utgjer tilsynslegeansvar ved DMS-en. Planen er at Ghajarzadeh også skal vera lege for bebuarane ved Åbøtunet og Høllandstunet. Sjølv om Sauda distriktsmedisinske senter også kan ha yngre pasientar, vil pasientgruppa hans i hovudsak vera godt vaksne saudabuar.
Dokter Kamyar Ghajarzadeh kjem frå byen Teheran i Iran. Han fullførte legestudiar i Ungarn i 2002. Etter uteksamineringa jobba han rundt to årsom assisterande professor ved eit medisinsk fakultet. Sidan 2004 har han praktisert som lege, først som sjukehuslege ved universitetssjukehuset i den ungarske byen Pecs i fem år, deretter som almennlege under spesialisering. Før han kom til Sauda har han dessutan hatt norsk arbeidspraksis ved Åkra legesenter på Karmøy.
Den iranske dokteren er alt i gang med å gjera seg kjent i det lokale legemiljøet, og møter fast til morgonmøtet ved Sauda legesenter. Han har også vore med på fleire legevaktoppdrag med andre legar. Tanken er at også dokter Ghajarzadeh skal delta i den kommunale legevaktordninga med tid og stunder.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her