Etterlyser vitne

Fleire gjenstandar er funne. Nå treng politiet vitneobservasjonar.

Politiet gjorde åstadundersøkingar sundag føremiddag. Betjentane var ikkje i tvil om at vedhuset var forsøkt sett fyr på. Fleire gjenstandar er funne på åstaden. Fungerande lensmann i Sauda og Suldal lensmannsdistrikt, Siri Fisketjøn Indrebø, fortel at politiet har starta etterforsking. Nå etterlyser dei vitneobservasjonar.

– Me har grunn til å tru at dette har skjedd ein gong i løpet av dei to siste vekene. Alle observasjonar som er gjort i dette området i desse vekene er interessante for oss. Både observasjonar og andre opplysningar som kan ha tilknyting til saka er viktige, seier Fisketjøn Indrebø.

Politiet etterforskar også to branntilløp innanfor Lona, der det har brunne kraftig i skogen ved to tilfelle dei siste månadene. På begge desse brannåstadane er det funne restar av fyrverkeri. Slik sett skil Lona-sakene seg frå brannstiftinga på Maldalsvegen, men politiet kan heller ikkje utelukka ein samanheng.

– All bruk av eld utandørs er livsfarleg og kan få store konsekvensar, minnar lensmann Siri Fisketjøn Indrebø om.