*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KØ: På den siste opningsdagen til saudaapoteket til Boots var det kaotiske tilstander då ”alle” skulle sikra seg apotekvarer. Fredag stengte apoteket, og det går truleg to-tre veker før medisinutsalet opnar. (Foto: Ingvil Bakka)

Planlegg dagleg medisintransport

Bestiller du apotekvarer på føremiddagen kan du henta desse på ettermiddagen.

Apotekkjeda Boots Norge AS, som nå avviklar apoteket sitt i Sauda, ser føre seg dagleg transport av medisinar frå apoteket på Sand til medisinutsalet i Sauda.

– Dette betyr at dersom du bestiller medisinen din på føremiddag og vara er på lager kan du henta den ut på medisinutsalet i 14.30-16.00-tida. I ein så tidleg fase av prosessen er det vanskeleg å seia nøyaktig kva klokkeslett som vil fungera best, så her kan det komma justeringar. Men apoteket kan alltid seia om du kan henta medisinane dine same dag eller om du må venta til neste dag, opplyser Anne-Kristin B. Bjåen, direktør for kvalitet og prosesstyring i Boots.

Dei komande to-tre vekene er lokala i Rådhusgata stengt for ombygging. I denne perioden må folk ringa og bestilla reseptpliktige og reseptfrie medisinar og handelsvarer hos apoteket på Sand. Ein kan då anten henta desse på apoteket på Sand eller få varene tilsendt til posten i Coop-bygget, der ein må visa legitimasjon for å få henta varene ut. Flytande medisinar og kjølevarer kan ikkje bli sendt i posten.

Når medisinutsalet er ferdig i Sauda må folk altså fortsatt ringa til apoteket på Sand og bestilla reseptpliktige legemidlar. E-reseptsystemet gjer at reseptane ligg lagra elektronisk og kan hentast opp på alle apotek ved hjelp av personnummeret.

Alle reseptfrie legemidlar og handelsvarer kan ein kjøpa i det planlagde medisinutsalet i Sauda. Boots opplyser elles at dei vil prøva å få til ei ordning med laurdagsope medisinutsal.

Dei fire tilsette som har jobba ved apoteket i Sauda vil framleis vera tilsett i Boots, men vil måtta jobba både ved medisinutalet i Sauda og ved apoteket på Sand.