Stolen firmabil kom til rette

Tjuven stakk av med den ulåste bilen og stal utstyr før han låste bilen og forsvann.

– Veldig uheldig. Me har fått oss ei påminning om kor fort det kan gå gale, seier Rune Selvik, ansvarleg for transportadministrasjonen hos Brødr. Selvik as.

Fredag i 11-tida blei ein av firmabilane til saudabedrifta stolen i Haugesund, der Brødr. Selvik har eit arbeidsoppdrag knytt til bygging av fortau langs ein svært trafikkert veg.

– Ein av våre tilsette var på veg heim, og dreiv og pakka bilen. Han let nøklane stå i medan han bar inn både teknisk utstyr og private verdisaker. Plutseleg såg han bilen kjøra bort, fortel Selvik.

Politiet etterlyste bilen med det same.

Men, først i går, måndag føremiddag, fekk Rune Selvik gladmeldinga om at bilen var funnen, bare to-tre kvartal unna der den blei sist sett. Det var svigerinna til Selvik som tok kontakt og fortalde at bilen stod parkert nær ein barnehage i området.

– Ein lettelse at den er funne. Men eg har forstått det slik at den er rimeleg ”strippa” innvendig. Eit GPS-styringssystem for gravemaskinar er truleg borte, meir har eg ikkje oversikt over nå, seier Rune Selvik.

Bilen var låst då den blei funnen.