– Nye løyperekordar er absolutt ein mulegheit. Tidlegare år har deltakarane sprunge i snø over myrene på toppen. Nå er det bart heilt opp, seier Lars Sigve Søndenå, sekretær i langrennsgruppa i Sauda idrettslag.
Tysdag i komande veke arangerer langrennsgruppa motbakkeløpet Vårkaaten, nå for niande året på rad. Løypa, som er på 1,3 kilometer i luftlinje og har ein høgdeforskjell på 400 meter, startar på Brekke og har målgang ved det 480 meter høge utsiktspunktet på Rondehaugen.
Det var i 2006 at langrennsgruppa arrangerte Vårkaaten for første gong. Dei fire første åra var det kun ein klasse, konkurranseklassen der alle deltakarane blei målt på tid. I 2010 blei det oppretta ein trimklasse og talet på deltakarar steig monaleg.
– Flest deltakarar hadde me i 2012. Då deltok 47 på tid, medan det var 94 personar i trimklassen, fortel Søndenå.
I fjor sette tysværbuen Thomas Finshus ny løyperkord med tida 16.03, fire sekund framfor vanviksbuen Glenn Tore Løland sin rekord frå 2011. Saudabuen May Britt Michalsen Tveit sprang opp på 21 minutt og 42 sekund i fjor og vann dameklassen. Løyerekorden for damene har Ny Von-løparen Jorunn Øye, som vann med tida 18.11 i 2007.
I dag ser langrennsgruppa på motbakkeløpet Vårkaaten som ei fin avslutting på vintersesongen og som ein grei våraktivitet for sine medlemmer og andre sprekingar.
– Og motbakkeløp er jo ”in” i tida. Vårkaaten er dessutan ei fin opplading til motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp i juni, meiner Lars Sigve Søndenå, sekretær i langrennsgruppa i Sauda idrettslag.