*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
Kommunalsjef Aina Olene Tveit opplyser at legedekninga i Sauda er høgare enn i dei fleste andre kommunar FOTO: Arkiv

Mange telefonar til legevakta

Saudabuen ringer ofte AMK-sentralen. Grunnane til det er fleire.

– Me har heimebasert eldreomsorg, peikar kommunalsjef helse- og omsorg, Aina Olene Tveit, på som ei forklaring på at saudabuen ringer oftare til legevakta enn innbyggarane i dei komande helsesamarbeidskommunane Suldal, Vindafjord og Etne.

Statistikk henta frå ROS-analysen utarbeidd i samband med samarbeidsprosjektet viser at legevakta i året som gjekk hadde 2 688 førespurnadar frå saudabuar, det vil seia 0,57 førespurnadar per innbyggar. Til samanlikning hadde Suldal 0,42, Vindafjord 0,51 og Etne 0,25 førespurnadar per innbyggar.

– Talet 2 688 er alle kontaktar/henvendingar til legevakta frå Sauda. Det kan gjelda alt frå transportoppdrag, rettleiingstenesta, akuttoppdrag og heimesjukepleien til Sauda DMS, mellom anna, presiserer kommunalsjefen.

Organiseringa av omsorgssystemet i Sauda, med vekt på at dei eldre skal kunna bu heime lengst mogleg, er ein del av bakgrunnen for at aldersgruppa 90 år og eldre er dei som oftast kontaktar legevakta.

Kommunalsjef Tveit minnar vidare om at Sauda har slite med å sikra eit stabilt fastlege-tilbod, noko ho óg ser på som ein del av bakteppet for ROS-tala frå 2013.

– Med press på legesenteret på dagtid vert telefonane skyvne over på AMK-sentralen på kveldstid, forklarer ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her