– I utgangspunktet hadde me bestilt seks kubikkmeter med popcorn. Men det blir det ikkje. Men det blir ein del søppelsekker, ja, fortel brannsjef i Sauda kommune, Harald Eikrem.
I dag, tysdag, og i morgon, onsdag, er rundt førti representantar frå Interkommunalt utvalg for akuttforurensing (UIA) samla til kurs og øving i Sauda. Medan det i dag er teoriundervising på Sauda fjordhotell, står praktiske øvingar på programmet i morgon. Popcornet skal dumpast på sjøen og forestilla forureinande utslepp.
– Kanskje blir det mat for både fisk og måker, men me skal rydda etter oss, altså, forsikrar Eikrem.
Bakgrunnen for at øvinga denne gong er lagt til Sauda er rett og slett at det er lenge sidan sist. Sauda brannvesen har tilgang på ein god del utstyr i samband med ei eventuell forureiningskrise.
– Me har ein del lokalt, og har også tilgang på utstyr lagra i Haugesund. I tillegg har kystverket utstyr til låns, seier Eikrem.
Under den praktiske øvinga i morgon vil brannmannskapa bruka både vanlege lenser og oljeabsorberande lenser, dreggar, tau og bark – alt som trengst for å henta opp ”søl” i vatn. Øvinga, som skjer ved djupvasskaien – på folkemunne kalla ”Si-Glass-kaien” – i Saudasjøen, startar i 09.00-tida og vil pågå ut arbeidsdagen.