Eramet, forskingsseminar
SAMARBEIDER: Bernd Wittgens frå Sintef i Trondheim (til venstre) har lenge samarbeidd med Eramet Norway AS for å finna stadig betre reinsemetodar. I førre veke deltok han på eit stort forskingsseminar om dette temaet i Sauda, der direktør Kåre Bjarte Bjelland, prosjektleiar miljøforbetringar Roy Nordhagen og prosessleiar Peter Cowx var mellom vertskapet frå Eramet Norway Sauda. (Foto: Arvid Horpestad)

Forskar for ei grønare framtid

Norsk ferrolegeringsindustri set seg høge miljømål. Eramet Norway Sauda fører an.

– Målet er null utslepp av helse- og miljøfarlege stoff i 2020. Eit ambisiøst mål, sjølvsagt, men mogleg, konstaterer Peter Cowx, prosessleiar i Eramet Norway AS med oppgåve å forska på korleis Eramet – og norsk ferrolegringsindustri elles – skal nå dette målet.

Det same arbeider Bernd Wittgens, forskar ved Sintef i Trondheim, med.

Onsdag og torsdag i førre veke var dei to mellom dei 30 deltakarane på ein konferanse Eramet Norway Sauda stod som vertskap for og der hjernekrafta vart nytta på tema knytta til støvutslepp.

Som forskar set Wittgens stor pris på å samarbeida med bedrifter som ikkje tenker konkurranse i spørsmål som handlar om miljøet, men søker saman om ei felles interesse i stadig å finna nye og betre reinsemetodar. Saumlaus deling av informasjon skaper ein plusseffekt i så måte.

– Me har kome eit stykke på veg, og byrjar å sjå effektane. Og me ønsker å koma endå vidare i arbeidet, seier han om målet om null utslepp i 2020, eit mål han meiner det er realistisk å nå.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.