Tilstanden til den hardast skadde i trafikkulukka i Honganvik i natt, onsdag, blei i dag tidleg karakterisert som kritisk.
Mannen, som er fødd i 1978, blei sendt til Universitetssjukehuset i Stavanger i 01.30-tida i natt, etter å ha sete fastklemt i bilen som i 00.30-tida krasja inn i ein bergnibbe i Honganvik – 10-15 minutt utanfor Sauda sentrum.
Den andre mannen i bilen, ein 47-åring, blei i natt sendt til Universitetssjukehuset i Bergen. I ei pressemelding frå sjukehuset klokka 03.20 i natt blei det konstatert at han bare er lettare skadd.
Politiet etterforskar ulukka.
– Det er tatt rutinemessige blodprøvar av begge mennene i bilen, opplyser politioverbetjent Thomas Breivik.