ALVORLEG: Både politiet, brannvesen, ambulanse og lege rykka ut til Honganvik der to menn blei alvorleg skadd i ei bilulukke i natt, onsdag. (Foto: Ingvil Bakka)
ALVORLEG: Både politiet, brannvesen, ambulanse og lege rykka ut til Honganvik der to menn blei alvorleg skadd i ei bilulukke i natt, onsdag. (Foto: Ingvil Bakka)

Begge er frå Sauda

Opplyste at dei hadde måtte svinga vekk frå eit dyr i vegen.

To menn er sendt til sjukehus etter ei alvorleg bilulukke i Honganvik like etter midnatt, natt til onsdag. Begge mennene er frå Sauda, og bilen dei kjørte skal ha vore på veg ut frå Sauda i retning Ropeid då dei kjørte av vegen.

Den eine mannen skal ha kome seg ut av bilen på eiga hand, og skal ha opplyst til første vitne på staden at dei hadde måtta svinga vekk frå eit dyr i vegen.

– Dermed hamna dei utanfor vegbanen, før det blei bråstopp i ein «bergnibbe», opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Roald Vikse.

Begge mennene skal, ifølge politiet, vera alvorleg skadd. To helikopter har vore på åstaden. Den eine mannen er sendt til sjukehus i Bergen, medan den andre er flydd til Stavanger.

– Den eine mannen er i midten av trettiåra, den andre i midten av førtiåra, fortel Vikse.

Politiet er framleis på staden og ventar på ulukkesgruppa til Statens vegvesen.