Jobbar for å få apotekdrift

Legemiddelverket vil at det skal vera apotek i Sauda.

– Det er jo ein grunn til at me i utgangspunktet sa nei til Boots sitt avkall på apotekkonsesjonen sin i Sauda, seier Martin Bjerke ved avdeling for tilsyn hos Statens legemiddelverk.

Onsdag 7. mai sendte legemiddelverket ut ein invitasjon til å søka apotekkonsesjon i Sauda. Ifølge Bjerkje er det sjeldan at legemiddelverket tar i bruk slike verkemiddel. Vanlegvis går slike prosessar av seg sjølv.

Onsdag i denne veka kunne Martin Bjerke fortella at det så langt har vore nokre førespurnader knytt til invitasjonen, men at det førebels ikkje har kome inn formelle henvendingar eller søknader.

– Det tar tid å utarbeida slike søknader, som krev mange vurderingar og undersøkingar, seier Bjerke.