Statnett har planane klare for å utvida Sauda transformatorstasjon på Austarheim for fleire hundre millionar kroner, og for å strekka ein ny 420 kV-leidning frå Sauda til Lyse. Nå har kulturavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland stilt sine vilkår for at prosjekta skal kunna settast ut i livet.
I juni held Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) folkemøte om kraftplanane på Hjelmeland og i Suldal.
Kulturavdelinga har få merknadar til utvidinga på Austarheim. Avdelinga har merka seg at husmannsplassane Kvelven og Tre og det tidlegare småbruket Longabakka ligg innanfor det omsøkte tiltaksområdet. Ifølge brevet fylkeskonservator Jan G. Auestad har sendt til Statnett ligg det på Longbakka og Tre seks SEFRAK-registrerte bygningar i verneklasse B. Dei to løene står, igjen ifølge Auestad, til nedfalls medan dei to bustadhusa er i god stand. I området er det óg registrert bakkegjerde, opplødde stiar, innhegningar, dreneringsgrøfter, steingjerde og ein potetkjellar.
– Til saman utgjer dette eit flott kulturlandskap av lokal og regional verdi, konstaterer fylkeskonservatoren.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her