*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NY ORGANISERING: Kommuneleiinga er fornøgd med korleis Olivia Obtinario har takla utfordringane med den daglege drifta av legesenteret, frisklivssentralen og fysioterapitenesta. Nå får ho også leiaransvaret for helsestasjonen. (Arkivfoto: Marita Ims)

Ni legar vil til Sauda

Målet er å tilsetta to i løpet av juni.

– Kjempebra. Me er veldig godt fornøgd, både med talet på søkarar og med søkarane, seier einingsleiar ved Sauda legesenter, Olivia Obtinario.

Sauda legesenter har per i dag to ledige legestillingar. Den eine stillinga har vore ledig sidan februar, då ein utanlandsk lege sa opp etter å ha blitt konfrontert med at han var meldt til politiet for valdtekt av ei saudakvinne. Ein vikar har fylt stillinga sidan oppseiinga. Dokter Anne Ruth Syrtveit Mikalsen sluttar ved legesenteret i slutten av juli, og også ho blir mest truleg først erstatta med ein vikar.

– Målet er å tilsetta nye legar før sommarferien startar. Truleg vil dei ikkje kunna vera klare for å starta i jobb i Sauda før utpå hausten, forklarer Obtinario.

Fristen for å søka på dei to legestillingane gjekk ut sundag. Då hadde fem kvinner og fire menn levert inn sine søknader. Ifølge Obtinario er søkarmassen ei god blanding av erfarne dokterar og nytutdanna.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her