Stordabuen Stein Simonsen utklassa alle konkurrentane i årets Haugesund – Sauda-ritt.
Han sykla, med armane over hovudet, åleine opp Rådhusgata til enorm jubel frå alle folka som var møtt opp for å heia inn deltakarane i det 11 mil lange rittet.
Det blei derimot kamp om dei neste plassane, då hovudfeltet kom mot mål.
Jo Henrik Egeland Jarstø, frå Stavanger sykkelklubb, blei nummer to, medan fjorårets vinnar, Grant Carruthers, også han frå Stord, kapra tredjeplassen.
Øyvind Dybing frå Sauda kom på fjerdeplass.
Kjersti Aanderaa frå Sandnes vann dameklassen.
Les meir i papirutgåva tysdag.