*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KVINNEPALLEN: Frå venstre: Kirsten Lien (nummer to), Maryna Novik (nummer ein) og Eva Karin Bjerga Øverland (nummer tre).

Full fart i Saudaløpet

Gerhard Steines og Maryna Novik blei begge best i sin klasse i si andre deltaking i løpet.

– Eg deltar i mange løp, men ingen andre stader er folk så flinke som saudabuen til å heia oss fram. Det er heilt enormt. Kanonbra, seier Maryna Novik, som vann kvinneklassen med tida 23.12.

Løparen frå Klypetussen i Vikedal deltok for første gong i Saudaløpet i fjor og kom då på andreplass. I år slo ho nummer to i kvinneklassen, Kirsten Lien, med fire og eit halvt minutt.

Raskast rundt den 6,5 kilometer lange løypa var Gerhard Steines frå Sandeid. Med tida 21.01 slo han nummer to i herreklassen, Leif Inge Løland, med 39 sekund. Steines debuterte i Saudaløpet i 2005 og sprang då rundt på 22 minutt og 34 sekund.

Langrennsløparen vedgår at han er i god form for tida.

– Det har vore lite snø i vinter, så det har blitt ein del løping. Og då blir det resultat av det, seier 25-åringen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her