*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VAR PÅSETT: Politiet var aldri i tvil om at det var gjort eit reelt forsøk på å setta fyr på vedhuset på Maldalsvegen. Nå er ein person sikta i saka. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ein person i varetekt

Mistenkt for eldspåsetting.

Politiet stadfestar at ein person er varetektsfengsla, mistenkt for å stå bak eldspåsettingsforsøket på eit vedhus ved Maldalsvegen rundt påsketider.

– Vedkommande blei pågripen tysdag og framstilt for varetekt onsdag. Personen blei varetektsfengsla i fire veker, opplyser politioverbetjent Thomas Breivik.

Politiet vil, av omsyn til den pågåande etterforskinga, ikkje gå ut med verken kjønn eller alder – eller om vedkommande er heimehøyrande i Sauda.

Ekteparet som eig vedhuset på Maldalsvegen fann like over påske vedhuset sitt tilgrisa med oljeliknande væske. Delar av materialet i døra i bygget viste tydelege teikn på at det hadde brunne. Eit tau som blir brukt til å halda døra ope, var brukt som ei slags «lunte» fram mot bygget.