– Eg føler eit visst ansvar for å seia ifrå. Det skjer for mange utforkjøringar her, seier Olav Honganvik.
Torsdag skjedde det igjen: Ein personbil kjørte av vegen på den rette strekninga i Honganvik, mellom Brudesløret og avkjørsla til Storskjær. Ei kvinne blei sittande fastklemt i bilen, og alle nødetatane rykka ut til ulukkesstaden. Dette skjedde bare drygt to veker etter ei anna utforkjøring i same området, ei ulukke som kosta 36 år gamle Erling Johannes Gundersen livet.
Olav Honganvik meiner det har skjedd minst 50-60 utforkjøringar på staden etter at tunnelane blei bygde tidleg på 80-talet. Mange gonger har det banka på døra hans, om kvelden og om natta, der folk ber om hjelp etter å ha kjørt i grøfta.
– Mange kjører fort, ja. Men eg trur ikkje farten er det største problemet. Også forsiktige og fornuftige folk har kjørt utfor vegen, påpeikar Honganvik.
Han meiner at hovudproblemet er den djupe grøfta på fjellsida av vegen, ei grøft som fleire stader har 45 graders vinkel.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her