*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TIL NM: Kristian Herheim er røyrleggarlærling hos Sauda Varme & Bad. Nyleg vann han rogalandsmeisterskapet, og i oktober skal han til Trondheim for å konkurrera i NM for røyrleggarlærlingar. (Foto: Ingvil Bakka)

Kvalifiserte seg til NM

Røyrleggarlærling Kristian Herheim hadde aldri trudd at han skulle konkurrera på nasjonalt nivå i faget sitt.

– Veldig kjekt å vinna konkurransen i Rogaland. Eg er jo ikkje med på slikt for å tapa, seier Kristian Herheim.

I oktober deltar han i norgesmeisterskapet for røyrleggarlærlingar.

20-åringen var ein av fire røyrleggarlærlingar i Rogaland som blei plukka ut til å konkurrera om å kvalifisera seg til NM. Torsdag og fredag for halvannan veke sidan var det rogalandsmeisterskap på Jåtta i Stavanger. Den fjorten timar lange oppgåva lærlingane måtte gjennomføra hadde både ein planleggande del og ein praktisk utførande del.

– Me skulle teikna og innreia eit bad, og legga opp for avløp og kaldt- og varmtvatn. Arbeidet blei deretter vurdert, forklarer Herheim, som altså gjekk heilt til topps i konkurransen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her