Måndag 19. mai opna Boots medisinutsal i Sauda, etter at kjeda la ned saudaapoteket sitt 2. mai i år. Boots lova då at dei som bestiller reseptpliktig medisin før klokka 11.30 skal få det utlevert frå medisinutsalet same dag, om det er legemidlar det hastar for kunden å få. Ved bestilling går Boots-apoteket på Sand inn på den elektroniske resepten, plukkar fram medisinen og pakkar denne for sending til utsalet i Sauda.
Stian Nordvang har erfart at ordninga med sending av medisin frå apoteket på Sand til medisinutsalet i Sauda ikkje alltid fungerer som tenkt. Eleven ved yrkessjåførlina på Birkeland bruker medisin han må ta kvar dag. Då han kom i beit for denne, oppsøkte han det lokale medisinutsalet. Her vart han bedt om å ringa til apoteket på Sand, i og med at det no er der dei tek hand om reseptpliktige medikament.
– Då var klokka 09.30. Svaret eg fekk var at dei måtte berre beklaga, men at dei ikkje hadde kapasitet til å pakka og senda medisinen same dagen, fortel Nordvang.
Men Nordvang kunne ikkje venta til dagen etter. Han hadde då berre ein ting å gjera, men to måtar å løysa problemet på: Å køyra anten til Sand eller Ølen for sjølv å henta det han trong.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her