*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TUNG DAG: I går, måndag, var aller siste gong dei tilsette i Sparebank 1 SR-bank gjekk på jobb i filialen i Sauda. Kristina Kaldheim (f.v.), Merete Fosstveit, Jorunn Merete Solbrekk og Anne Jorun Hauge synest det var tungt å ta avskjed med trufaste kundar og gode kollegaer. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Siste opningsdag

I går var aller siste dag med Sparebank 1 SR-bank i Sauda.

Det var med tungt hjarte dei fire tilsette ved Sparebank 1 SR-bank sitt kontor i Sauda møtte til siste arbeidsdag i går, måndag.

Stemninga er tung, og bankdamene er einige om at det var ein veldig spesiell dag. Dei starta med avskjedsfrukost i lag med kollegaene frå Sand, før dei tok fatt på den aller siste dagen på kontoret til Sparebank 1 SR-bank i Sauda, som har vore der i 13 år.

– Først og fremst har me lyst til å seie til kundane kor mykje dei har betydd for oss, seier Jorunn Merete Solbrekk.

Framover vil det ikkje vere bankfilial for Sparebank 1 SR-bank i Sauda. Grunna større og større bruk av nettbank og mindre bruk av filial, vart det vedteke at filialen i Sauda skulle leggast ned. Kontoret på Sand hald fram, men med redusert bemanning.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.