Mann kom til rette

Hadde bare gått ein lengre tur enn planlagt.

Leiteaksjonen etter ein stavangermann i femtiåra er avblåst.

Mannen skal ha dukka opp igjen av seg sjølv klokka 02.55.

Ifølge politiet la mannen ut på ein tur i 20-tida sundag kveld. Då han ikkje kom tilbake til hytta i Herheimsdalen blei han meldt sakna av sine gamle foreldre.

Det blei dermed sett i gang ein større leiteaksjon, men før mannskapet kom ut i terrenget dukka altså mannen opp igjen på hytta.

– Røde Kors var klare med åtte personar. Imponerande velvilje og rask respons på ein andre pinsedag, seier operasjonsleiar hos politiet, Svein Roald Vikse.