– Sauda har alle føresetnadar for å verta eit ankerpunkt i reiseruta «Reiseliv i industriens vogge», konstaterer Roy Sævik frå «Reiseliv i industriens vogge»
– Trenden innan reiseliv i dag er at dei reisande ønsker å gjera seg kjent med identiteten til stadene dei besøker, dei vil koma litt «under huda» på dei fastbuande, seier Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid.
Det var Fosstveit som tok initiativet til å trekka Sauda inn i «Reiseliv i industriens vogge», eit norsk nettverk i European route of industrial heritage».Han ser føre seg omvisingar på Eramet og i det verneverdige kraftverket i Søndenåhavn før turen går vidare til eit vidareutvikla industriarbeidarmuseum i det særprega og vedlikehaldne byanlegget Åbødalen, mellom anna.
European route of industrial heritage (Erih) vart etablert i Ruhr i Tyskland. Tankane bak det europeiske nettverket Erih og den norske forgreininga «Reiseliv i industriens vogge» er å skapa ei sterk, felles marknadsføring av kombinasjonen industrihistorie, levande industri, arkitektur og flott natur.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.