*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I HARDT VÊR: Eit innlegg som framstegspartipolitikar Jan Birger Eide posta på Facebook i førre veke har skapt sterke reaksjonar hos ein del saudabuar. Eide fortel at han trudde artikkelen var henta frå ei vanleg nyheitsside, men det viste seg at sida kommunestyrerepresentanten linka til mellom anna har eit rasistisk og antisemittisk bodskap. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Surfa aktivt på nett – under møtet

Jan Birger Eide innrømmer at han kjeda seg.

”Bra for oss klimaflyktninger” skreiv Jan Birger Eide på facebooksida si under kommunestyremøtet onsdag morgon. Under la han ved ein link til Spaniaavisen sin artikkel ”Spania blir billigere i sommer”. Eide surfa med dette aktivt på Facebook medan resten av kommunestyret diskuterte den femte saka på dagsordenen i møtet sitt; ”Næringsareal”.

Framstegpartipolitikaren vedgår at saka ikkje engasjerte han. Han fortel at han blir spesielt lei når talar etter talar seier meir eller mindre det same.

Andre politikarar reagerer på Facebook-aktiviteten.

– Eg forventar at alle valde representantar følger med og ikkje sit på Facebook under møta, seier ordførar Frode Sulen.

Også Høgres Ivar Tangeraas synest det er feil å vera aktiv på nettsamfunn under politiske møte, men presiserer at han ikkje stressar seg opp av ei slik sak.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.