STÅR PÅ: Åge Fjellheim Midthun (til venstre) og Espen Thompson ønsker å gjere Hovlandsnuten meir tilgjengeleg for folk flest. Nå jobbar dei med eit prosjekt der målet er å steinlegge stien opp mot nuttoppen, slik det også er gjort ved andre populære turmål i Norge. (Foto: Linda Merethe Lie)

Ein halv million til Sauda

Ryfylkefondet har delt ut pengar. Laget for Hovlandsnutens utvikling får 400 000 kroner.

– Ja, dette vart resultatet for Saudas del denne gongen, konstaterer Arne Kleppa i Ryfylkefondet.

Kleppa stadfestar at fondet i sitt møte før helga løyva 400 000 kroner til Laget for Hovlandsnutens utvikling og 100 000 kroner til eldsjelane bak Tinghaug-prosjektet.

– Me var heldige der, ja, seier Åge Fjellheim Midthun i den ideelle, dugnadsbaserte organisasjonen Laget for Hovlandsnutens utvikling.

Med løyvinga frå Ryfylkefondet og tidlegare tildelingar på 200 000 kroner frå Sauda Vekst, 250 000 kroner frå Sparebankstiftelsen Sauda og 50 000 kroner frå Sauda kommune kan laget no la sherpaer frå Nepal starta arbeidet med å steinsetta og drenera kritiske punkt på stien opp til Hovlandsnuten.

– Dei fire sherpaene kjem til Sauda ein gong utpå ettersommaren, nå er dei opptekne med store prosjekt ved Preikestolen og Kjerag. Dei vil legga ned snautt tusen arbeidstimar over fire til seks veker, opplyser Fjellheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her