Journalisten som intervjua Thomas Alsgaard og Gjermund Fiveland på Hovlandsnuten hadde notert ned at Alsgaard var haren til Fiveland i tre fjerdedelar av løpet, og at Alsgaard stakk frå på slutten. Men i dei offisielle resultatlistene stod Fiveland med seksten minutt betre tid enn Alsgaard. Journalisten rekna med at eigen utmattelse på den 931 meter høge nuten gjorde at det blei misforståingar i notatene, altså motsett hare, og valde å tru på resultatlista. Det var feil. – Nei, nei. Det var slik: Thomas Alsgaard var haren min, og så stakk han frå meg siste fjerdedel av
løpet. Tida hans på 1.06.35 er feil. Han var før meg i mål, seier Gjermund Fiveland, som fekk notert tida 50.39. Nutgeneral Per Inge Fjellheim og Jone Fattnes i arrangementskomiteen beklagar feilen i resultatlistene, og journalisten skal begynna å stola meir på eigne notater. Thomas Alsgaard si rette tid i motbakkeløpet var 49.28 – altså eit drygt minutt raskare enn Fiveland.